Hopp til innhold

Stappmett etter å ha løyst inn middagen ho betalte 5300 kroner for under tv-aksjonen

Laila Melkevoll fekk endeleg løyst inn middagen ho betalte 5300 kroner for under TV-aksjonen i haust.– Imponerande, seier ei godt mett Melkevoll.

Laila Melkevoll betale 5300 kroner under tv-aksjonen for ein middag laga av Alfred Bjørlo, Jan Petter Jagedal og Erlend Blaalid Oldeide. Ho fekk full valuta for pengane.

Laila Melkevoll var imponert etter å ha blitt servert ein treretters middag ho kjøpte under TV-aksjonen i haust.

– Dette var heilt utsøkt, det var veldig godt mat, seier ei entusiastisk Laila Melkevoll. Eg er kjempeimponert!

Fredag fekk ho endeleg valuta for pengane ho investerte i haust under TV-aksjonen. Då la ho inn høgste bod på ein middag laga og servert av Alfred Bjørlo, Jan Petter Jagedal og Erlend Blaalid Oldeide.

Ho sette som vilkår at transporten frå Sogn og Fjordane til Bergen måtte vere miljøvenleg og at råvarene var kortreiste.

(Saka held fram under biletet)

Tre venninner på treretters middag

TRE GODE VENNINNER: Laila Melkevoll (t.h) og Agnes Vevle Tvinnereim og Liv Karin Lund var stappmette etter treretters middag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Berekraftig mat

Melkevoll inviterte dessutan med seg Agnes Vevle Tvinnereim og Liv Karin Lund Thomassen til den treretters middagen. Dei to kjem frå Berekraftige Liv på Landås. Det er eit nabolagsinitiativ som tar sikte på å skape eit meir berekraftig samfunn.

Maten dei tre karane diska opp med vart godt motteke av damene.

Menyen

SOLID MENY: Munter meny utarbeidd av tre muntre karar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette var verkeleg veldig godt. Og så vart jo maten servert av tre svært kjekke karar, seier ler Liv Karin Lund medan dei tre karane jublar i bakgrunnen.

Menyen som dei tre hadde utarbeidd var ambisiøs og tidkrevjande.

Til forrett serverte dei både hjort og blåskjel. Hovudretten var breiflabb frå Stadhavet og sopp (frå E-39 midtre linje) og poteter. Til dessert vart det servert sjokoladefondantmed kvit marengstopping.

(Saka held fram under biletet)

Dessert

SISTE RETT: Det var så vidt det var plass til sjokoladefondanten som var dessert i den treretters middagen som karane serverte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til drikke fekk dei servert ein tilpassa ølmeny av Kinn bryggeri.

Tidsplanen rauk men ikkje humøret

Dei tre karane møttest i 18-tida og jobba iherdig og godt, utan for mykje armar og bein ifølgje dei sjølve. Sjølv om tidsplanen rauk var dei tre godt fornøgde med sin eigen innsats og resultatet.

– Mat er godt i seg sjølv, men blir alltid betre i godt lag og det har vi verkeleg hatt her, seier Jan Petter Jagedal.

(Saka held fram under biletet)

Laila Melkevoll og Alfred Bjørlo i grytene

MÅTTE VERE KORTREIST: Laila Melkevoll sjekkar at ingrediensane som Alfred Bjørlo har i gryta er kortreist. Særleg spennande var soppen Bjørlo heva var frå E39 midtre trasé.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har vel overgått oss sjølve, seier ein lattermild Bjørlo. Men så har vi hatt veldig positive gjester som ser lyst på livet og er glade for det dei får.

Melkevoll sjølv er godt fornøgd med investeringa ho gjorde i haust.

– Dette er jo ein vinn-vinn-situasjon. TV-aksjonen i haust med innsamling til forsking på demens er ei viktig sak. Eg kan personleg relatere meg til det, seier ho.

– Så eg er glad for at dei småpengane eg investerte då kan resultere i ein slik festkveld.