Då Easy Connect etablerte nummeropplysning seks stader i landet, blant anna på Sandane, var Steinar Wasmuth sentral på begge sider av bordet.
Bergensaren var både direktør og styreleiar i morselskapet og styreleiar i alle dotterselskapa. Og som direktør i Easy Connect var Steinar Wasmuth eineleverandør av tenester til nummeropplysninga på Sandane.
Trekte seg i protest
Det er dette forholdet det no blir stilt spørsmål ved. Personar med kjennskap til selskapet hevdar Easy Connect lenge har hatt økonomiske problem, og at Easy Connect Gloppen har vore med på å dekkje underskotet.
Gloppen-avdelinga gjekk konkurs 24. oktober. Konkursbuet vart overteke og drive vidare av det delvis kommunalt eigde selskapet, Gloppen Utvikling AS. Selskapet heldt fram med å selje tenester til Easy Connect inntil den tidlegare eigaren snudde ryggen til Gloppen i forrige veke.
To av styremedlemmene i Gloppen-selskapet trekte seg i sommar i protest, fordi dei var usamde i leiinga sine disposisjonar og føring av rekneskap.
" Nummeropplysninga på Sandane tente pengar, men det er mitt inntrykk at dette ikkje kom fram i årsrekneskapen, då var det morselskapet som kom godt ut". Det seier ein av styremedlemmene NRK har vore i kontakt med.
Skal sjå på tilhøva
Dette blir og viktige problemstillingar når bustyrar Per Kjetil Stautland skal no sjå på forholda mellom selskapet i Bergen og dotterselskapet på Sandane.
Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, kommenterer Wasmuth si rolle som " Bukken som passar havresekken" på denne måten:
- Det er nok deler av dette ein kan stille spørsmål ved, men totalen her er at økonomien ikkje slo til, seier Ryssdal.
Opprørte
Dei 20 som no må forlate jobbane sine er opprørte over måten dei er blitt behandla på av Easy Connect, blant dei er tillitsvald Elin Merete Stensaker, som og står utan jobb.
- Vi er skuffa, men også forbanna.
Måndag kveld var eigarane av Easy Connect Gloppen samla for å diskutere om dei skal gå til søksmål mot Easy Connect.
Advokat Hans Lothe skal representere dei lokale eigarene.