Fleire har meldt si interesse for å ta over, seier Vereide.
Han vil ikkje seie meir om kven interessentane er, men seier at det er folk med tilknyting til fylket. Det er òg ei gruppe av dei tilsette som ser på om dei kan få til vidare drift.
Avklaring før jul
Vereide reknar med avklaring før jul og ny aktivitet tidleg på nyåret. – Det vil bli "call-senter" og telefonsal mot privat- og bedriftsmarknaden som vil danne basis i det dei skal drive med, seier Vereide. – Call-senter er ei næring i vekst, og slike senter kan ligge kvar som helst i landet, seier ein optimistisk Vereide, som peikar på at Sandane er godt utbygd med breiband.
Færre tilsette
Men det blir ikkje aktivitet med 15 årsverk og mellom 20 og 30 tilsette slik Easy Connect hadde. Vereide tippar på at mellom fire og sju vil vere sikra jobb i startfasen.