Hopp til innhold

- Visste kva dei kjøpte

- Alexela Sløvåg visste godt kva dei kjøpte då dei tok over Vest Tank, sa advokat Eirik Raanes i Bergen tingrett.

Frå rettssaka i Bergen tingrett.
Foto: MMS-foto: Trude Bakke / NRK

Raanes er advokat for Trond Emblem, som selde Vest Tank. Han heldt tysdag si innleiing i rettssaka mellom Emblem og Alexela Sløvåg.

- Kjøpte det som det var

- Alexela kjøpte anlegget slik det var, sjølv om det låg avfall på tankane. Det var ingen avtale om at tankane skulle tømmast straks, difor forstår ikkje Emblem kvifor Alexela held tilbake så stor del av kjøpesummen.

Ifylgje Raanes hadde Alexela høve til å trekkje seg frå salet, men valde å ikkje gjere det.

- Kunne gjort det billegare

- Dessutan kunne avfallsfjerninga vore gjort på ein langt billegare og betre måte enn Alexela har gjort, sa Rånes.

Vedgjekk brakkeraid

Raanes vedgjekk i retten at klienten hans ikkje hadde handla "etter boka" i september 2007 då han prøvde å fjerne tre brakker som Alexela Sløvåg hadde teke i bruk. Brakkene var lasta på lastebilar då dei vart stansa av politiet. Alexela Sløvåg krev vel 110.000 kroner i erstatning for dette, og dette vart ikkje imøtegått av Raanes.