Hopp til innhold

- Vi laug ikkje

Vest Tank avviser skuldingar om løgn.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Kåre Ness

Les og: Vest Tank laug til styresmaktene

Les og:

- Vi har gitt all informasjon vi har hatt til styresmaktene. Når dei seier vi bevisst har loge til dei så stemmer det ikkje, seier Jostein Berland, tidlegare dagleg leiar i Vest Tank.

Men Statens Forureiningstilsyn er av ei anna oppfatning. Dei har meldt verksemda til politiet. I følgje SFT viser etterforskinga etter Vest Tank-eksplosjonen at dei dreiv med ulovleg nøytralisering av stoff og tok imot giftig svovelavfall utan løyve.

Kontaktar advokat

- Vi har ikkje teke imot noko giftig svovelavfall. Vi tok imot avfall frå båtane, dei oppgav kva type avfall dei hadde og den informasjonen gjekk vidare til styresmaktene, seier Berland.

No vil han vil kontakte advokat for å reinvaske seg frå skuldingane om løgn.