Hopp til innhold

- Vi har tilbod til valdtekne

- Ikkje så gale som ein kan få inntrykk av.

Førde sentralsjukehus
Foto: Øystein Tveiten

Vil ha valdtektskoffert

- Vi treng ikkje valdtektsmottak  

- Vi har ikkje eit formelt valdtektsmottak, men vi har eit opplegg likevel. Her i Sogn og Fjordane har me delt det opp slik at den akutte fasen blir ivareteken ved sentralsjukehuset i Førde. Det vil seie at alle kvinner som har vorte utsette for overgrep kan kome til kvinneklinikken i Førde og den er open 24 timar i døgeret, seier avdelingssjef Agnete Dissing Sættem ved Kvinneklinikken i Førde.

Ikkje døgnopen legevakt

Den vidare oppfølgjinga er det kommunane som skal ta seg av. Kommunelege Jan Helge Dale i Flora har fått pengar frå staten for å gje eit tilbod til valdtekne i fylket.

- Det som er problemet er at slik det er lagt opp nasjonalt skal det knytast opp mot ei døgnbemanna legevakt, men slike har me ikkje i Sogn og Fjordane. Difor søkte eg om å få ein del midlar for å gjere det noko betre i påvente av at me kan få ei døgnbemanna legevakt her også, seier Dale.