NRK Meny
Normal

- Vestlendingar må bli tøffare

Stor misnøye med erstatningsutbetaling for verna område.

 

Trillemarka

Trillemarka.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Bonde i Naustdal, Eiliv Erdal, er misnøgd med erstatningsbetalingane for verna område for å få erstatning for vern. Regjeringa betalar truleg nær hundre millionar i kompensasjon for vern av Trillemarka på Austlandet.

Blir provosert

- Eg blir provosert. Vi har tydelegvis vore for sille og for snille på dei verna som vi har fått påtrykt oss. Neste gong skal eg vere usakleg og høglytt og oppføre meg slik dei har gjort på Austlandet slik at eg og får noko igjen for at staten tek i bruk min eigedom til andre formål enn eg rår over sjølv, seier han.

Erdal kan fortelje om store område i Naustdal som er verna utan at det har kome ei krone i erstatning. Han har ingen forståing for arguementa til politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet, Morten Wasstø om kvifor grunneigarane på austlandet bør betalast så godt.

- Skandale

- Dette er noregs aller største barskogområde og ein vernesak med veldig høgt konfliktnivå, seier rådgjevaren.

Dette reagerer Erdal sterkt på.

 

- Uttalelsen til statssekretæren grensar til ei skandale. Heretter kjem andre til å gjere det samme som dei i Trillemarka har gjort. Skape blest og bruke lobbyvirksomhet for å få til det resultatet dei har fått der. Det er jo tydelege at dei har noko dei har gjort rett som vi har gjort feil, seier han.

- Eg meiner alle bør behandlast likt uansett om det gjeld stort eller lite areal.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.