11 personar har bestilt tur til Thailand gjennom Travelnet Fjordane i julehelga. Desse 11 har reist på pakketurar. Men det er truleg mange som har bestilt berre flybillettar, og satsar på å ta seg fram i det populære ferielandet sjølve. Difor er det umogleg for Hagen å få full oversikt. Men pakketuristane som har bestilt hos han har det gått bra med. Dei budde på eit hotell som ligg litt opp frå stranda, og det er intakt.
Berga seg på luftmadrass
Men fleire av turistane frå Sunnfjord vart tekne av den veldige flodbølgja som reiste seg utan varsel. Ein familie frå Førde berga seg ved å hive seg opp på ei luftmadrass då vatnet tok til å stige. Det seier dagleg leiar i Via Ferieverden, Trude Njøsen Helgås, som snakka med familien i går.
Pengar tilbake
Sølvi Eltvik ved Bennet Ferie i Florø seier dei har hatt mange telefonar frå kundar som har bestilt tur til Søraust-Asia i vekene som kjem. Ho seier reglane er ganske klare når det gjeld naturkatastrofar. Har ein bestilt ein pakketur til eit område som vert råka av ein naturkatastrofe, får ein pengane tilbake inntil ein månad før avreise. Spørsmålet er i følgje Eltvik no kva område som vert rekna som råka av flodbølgja. Det spørsmålet er enno ikkje avgjort seier ho.
Tidlegare heimreise
Trude Njøsen Helgås ved Via Feriesenter seier einskilde turoperatørar no vil prøve å få dei som ferierer i områder råka av flodbølgja heim igjen eit par dagar før planen.