Starheim er ikkje imponert over budsjettet til Stoltenbergregjeringa.
- Liv Signe Navarsete meinte at 350 millionar ekstra til vegane i fjor var null. No har dei auka med langt mindre sjølve. Det er til dei grader mindre enn dei lova i valkampen. Då snakka dei om 2,2 milliardar ekstra til samferdsle pr. år. Vi har eit etterslep på 700 millionar kroner på vedlikehald berre i Sogn og Fjordane. Ho har bløffa veljarane så til dei grader at eg ikkje kan forstå at ho kan leve med det, seier Starheim.
Han er glad for at løyvingane til kommunane er auka.
- Men eg tykkjer dei skulle øyremerka midlane til helse og undervisning.