Hopp til innhold

- Leiinga burde angripa striden annleis

Generalsekretæren i Senterpartiet meiner leiinga i Helse Førde gjorde uklokt i å avfeia den krasse kritikken mot arbeidsmiljøet i føretaket.

Knut M. Olsen

Knut M. Olsen, generalsekretær i senterpartiet og avtroppande fylkesleiar

Foto: NRK

- Eg opplever det som ein vanskeleg og opprivande strid. Striden trur eg diverre fører til at ein ikkje får gjeve så gode og einsidige signal til helseminister Anne Grete Strøm Eriksen som ein burde når ho kjem på besøk, seier Knut M. Olsen, generalsekretær i senterpartiet og avtroppande fylkesleiar.

- Leiinga sitt ansvar å samla kreftene

Måndag stod fem opne kjelder fram og kom med sterk kritikk av leiarestilen til administrerande direktør i helseføretaket, Jon Bolstad. Striden i helseføretaket har vorte bitter, og Olsen meiner Helse Førde sjølve har ansvaret for å endra synet på føretaket.

- Styret i Helse Førde er heilt sentrale i å jobba fram eit sånt syn. Dei har eit stort ansvar for å vera opne, lyttande og inkluderande, både overfor statsrådbesøk og det som har kome fram den siste tida.

- Eg ville ha gjort det annleis

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

Administerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, la seg på ingen måte flat for kritikken måndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men Bolstad avfeia kritikken måndag med at kjeldene uttalte seg om gamle saker, og han vil ikkje legge seg flat eller beklage.

– Eg oppfattar ikkje dette som ei sak. Det er ei blanding... eller eit samansurium av gamle episodar og saker, sa Bolstad.

Dette vart gjenkteke fleire gonger i det 16 minutt lange direktesendte intervjuet med Bolstad og styreleiar Clara Øberg i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag.

- Eg ville ha vald ein annan måte å angripa det på. Når ein skal gjennom omstillingsprosess som er krevjande, er det klokt å ha ein god og tett dialog med alle det gjeld, seier Olsen.

Fryktar dårlegare utfall av statsrådbesøk

- Kvifor skal Helse Førde ta seg bryet med all denne dialogen? Dei bestemmer jo til sjuande sist over helsetilbodet vårt uansett?

- Skal ein skal fatta best mogleg vedtak bør ein også ha best mogleg grunnlag. Eg har veldig tru på at dei som har skoen på, veit kvar den trykkjer. Det er viktig å lytta til dei som står opp dei praktiske daglege kvardagen ved sjukehusa våre, både brukargrupper, pasientgrupper også vidare, seier Olsen

Han fryktar utfallet av besøket til helseminister Strøm Eriksen vil verta dårlegare etter det som har skjedd.

- Eg trur det ville vera klokt å prøva å samla kreftene i fylket når statsråden kjem, så me kan gje mest mogleg einsidig bodskap. No opplever eg det er det motsette som skjer gjennom ein opprivande debatt.