Hopp til innhold

Reagerer på Bolstad si avfeiing

Siri Myklebust, tidlegare verneombod på Nordfjord Sjukehus, reagerer svært sterkt på at administrerande direktør i Helse Førde avfeier kritikk mot leiarstilen hans med at det er gamle saker.

Jon Bolstad på styremøte i Helse Førde
Foto: Bård Siem / NRK

Ho seier ho seinast i førre veke etterlyste konklusjonar i ei av dei omstridde sakene ho sjølv jobbe med som verneombod.

Måndag stod fem opne kjelder fram og kom med sterk kritikk av leiarestilen til Bolstad. Ein av dei som stod fram var overlege Bengt Erik Larson.

Kalla inn på teppet

– Eg har sendt eit brev til personalsjef May Liss Larsen om å få ein konklusjon i den saka, men eg har enno ikkje fått svar. Saka om Bengt Erik har eg ikkje fått nokon konklusjon i den dag i dag, seier eit sterkt prega tidlegare verneombod.
Fleire gonger i løpet av intervjuet med NRK bryt Myklebust saman i gråt.

Larson vart i 2008 kalla inn til møte med administrerande direktør Jon Bolstad etter bråket rundt omlegginga av ortopediavdelinga på Nordfjord Sjukehus. I dette møtet vart Larson mellom anna kalla ein løgnar.

Myklebust var verneombod då det skjedde og sjølv om ho no har gått av, syns ho saka var så ubehageleg at ho på eige initiativ har fulgt opp for å forsikre seg om at saka blir sluttført. Det seier ho endå ikkje har skjedd.

Forstår ikkje avfeiinga

Myklebust har aldri trudd at ho ville oppleve noko slikt i ei offentleg verksemd med personalansvar for så mange tilsette.

– Eg trudde ikkje det, men systemet i Helse Førde er tydelegvis slik og då er det ikkje rart at ting lever vidare til stor frustrasjon for tilsette og involverte, seier Myklebust.

Myklebust seier opplevinga som verneombod har vore svært ubehageleg. Ho kan ikkje forstå at så sterk kritikk kan avfeiast som gamal.

– Eg syns det er trist for det er dyktige og redelege tilsette i Helse Førde som opplever dette, og eg forstår ikkje at folk kan bli behandla på denne måten, seier ho.

Vil ikkje legge seg flat

Administrerande direktør Jon Bolstad på si side seier han har sjekke saka i dag og at den er avslutta.

– Det stemmer at saka er avslutta med mindre det er saker eg ikkje kjenner til. Den personalsaka er avslutta for lenge sidan. I tillegg har det vore ei vernesak som tidlegare verneombod har meldt inn og eg har sjekka den opp i dag, og den er lukka, seier Bolstad.

Bolstad avfeiar det heile med at dette er gamle saker, og han vil ikkje legge seg flat eller beklage.

– Eg oppfattar ikkje dette som ei sak. Det er ei blanding... eller eit samansurium av gamle episodar og saker, seier Bolstad.

Dette vart gjenkteke fleire gonger i det 16 minutt lange direktesendte intervjuet med Bolstad og styreleiar Clara Øberg i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag.

– Er ikkje avslutta

Men det noverande verneombod Nils Anders Sørland avviser at saka er avslutta.

– Nei, eg ser ikkje på den som avslutta, for det har ikkje kome ein konklusjon. Det er ikkje greiia ut tiltak om kva som skal gjerast. Så Bengt Erik står framleis som ein løgnar i Bolstad sine auge, seier Sørland.