Peter Hovgaard fortel at blåskjellnæringa her i fylket stadig vert større. Men Hovgaard trur det er heilt avgjerande for veksten av næringa at Sogn og Fjordane får sitt eige skjellmottak.
Hovgaard har sjølv opplevd kva som kan skje utan eit lokalt skjelmottak. Han sendte eit lass på 20 tonn blåskjell til Frankrike, men kvaliteten på skjella vart ikkje godkjente. Berre 40 prosent av blåskjella overlevde turen.
Hovgaard fortel at andre skjelldyrkarar opplever det same problemet.
Det vert no arbeidd med å få i gang eit skjellmottak i Fløro. Og Hovgaard fortel at dersom alt går som planlagt, kan mottaket stå ferdig om eit års tid.