NRK Meny
Normal

- Tjønn og Viken tek feil

Nynorskdirektør Ottar Grepstad hevdar nynorsk ikkje er vanskelegare enn andre språk.

Ottar Grepstad

Meir nynorsk skapar betre nynorsk, meiner Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum.

Foto: Nynorsk kultursentrum

I april hevda journalist Anne Viken frå Bygstad at nynorsk er ubrukeleg fordi språket tek for mykje tid og hovudbry.

- Nynorsk er for vanskeleg

I eit polemisk lesarinnlegg i Aftenposten støtta Viken forfattar og journalist Brynjulf Jung Tjønn frå Feios, som i ein kronikk i same avis tok eit offentleg avskil med språket han voks opp med. Årsak? Jung Tjønn opplever det for vanskeleg å skrive nynorsk.

- Skeiv språkleg maktfordeling

I dag møter Viken og Jung Tjønn motbør frå direktøren ved Nynorsk kultursenter, Ottar Grepstad:

- Viken og Jung Tjønn har inga fagleg dekning for å seie at nynorsk er eit vanskeleg språk.

Grepstad meiner hovudårsaka til at ein del nynorskbrukarar - og mange bokmålsbrukarar - slit med å skrive korrekt nynorsk, er den skeive språklege maktfordelinga i Norge:

- For lite nynorsk barne-tv

- Som barn og unge ser mange av dei lite av si eiga målform, fordi nynorsk er så lite brukt i barne-tv, vekeblad og film. Mange vaksne nynorskbrukarar får ikkje høve til å skrive nynorsk på sin eigen arbeidsplass. Likeins veks mange bokmålsbrukarar opp med eit framandt og utvendig forhold til nynorsk, der dei ikkje opplever nynorsk brukt i det daglegdagse. Då er ikkje løysinga at flest mogleg går over til bokmål, men at nynorsk blir ei meir brukt målform, skriv Ottar Grepstad i eit debattinnlegg i Aftenposten.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.