Hopp til innhold

- Tall Ships underskotet er større

Vågsøy kommune går med to til tre millionar meir i underskot etter Tall Ships Races, enn det som er kome fram til no. Det hevdar Geir Oldeide frå partiet Raudt.

Geir Oldeide
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

15 millionar kroner i minus kosta det kommunen å ha seglskutefestivalen, men Oldeide seier at løna til prosjektleiar Helge Hjelle ikkje er med i rekneskapen i tillegg til fleire andre utgifter.

– Eg syns det er påfallande, og har påpeika det. Svaret eg har fått frå rådmannen er at det var ikkje meininga at den skulle vere med.

– Eg syns det er veldig rart, seier Oldeide.

– Vert framstilt lågast mogleg

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Segleskutearrangementet Tall Ships Races, som skulle bli ein skikkeleg opptur for Måløy-samfunnet, har i staden vorte det stikk motsette, og ført kommunen inn i ei økonomisk hengjemyr.

Oldeide meiner kommuneleiinga prøver å framstille rekneskapstala på ein måte som gjer lågast underskot. Han meiner Helge Hjelle sin løn burde vore ein del av Tall Ships-rekneskapen.

– Når han er engasjert som prosjektleiar den tida han har jobba med dette her, skal han sjølvsagt kostnadsførast i prosjektet. Det er vanleg i alle prosjekt. Tilset ein nokon i prosjektet, er det med i den totale kostnaden.

– Fleire nye rekningar

I tillegg viser Oldeide til at det har kome inn fleire nye rekningar.

– I førre veke kravde ein filmfotograf som har laga ein DVD 100.000 kroner frå kommunen. Vi har ei helikopterrekning vi har krangla om i samband med arrangementet på Seljeøya som ikkje er dekka. Og sist no har jo kommunestyret løyvd 350.000 kroner til ekstern gransking av rekneskapen.

Rådmann i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, forstår ikkje kritikken om at Hjelle si løn burde vore utgiftsført under Tall Ships Races-arrangementet.

– Vi har ført rekneskapen på den måten som er vedteken av kommunestyret, så då tenkjer eg at det må vere greitt.