Hopp til innhold

- Strynefjellet er unikt

Aksel Lund Svindal og alpinlandslaget likar dårleg at fjellheisen i Stryn blir stengd.

Aksel Lund Svindal var tilskuer under utforrennet i Kvitfjell fredag.

Aksel Lund Svindal og alpinlandslaget likar dårleg at fjellheisen ved Stryn sommarskisenter blir stengd.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Heile alpinlandslaget blir råka av at fjellheisen ved Stryn sommarskisenter blir lagd ned, meiner landslagssjef i alpinistane, Jørund Li:

Reagerte med vantru

- Stryn har tilhøve som me ikkje finn andre stader i Norge.

Li reagerte med vantru då han fekk høyre at fjellheisen skal bli lagd ned. Han meiner at skisenteret har vore viktig for utvikle nye alpintalent. Ein av desse er landslagsalpinist Truls Ove Karlsen. Han er lei for at trekket blir lagd ned:

- Stryn har ein fin treningsbakke og er ein av få treningsalternativ for oss om sommaren.

- Park ikkje godt nok

Dårleg økonomi og klimaendringar skal vere grunnar til at eigarane Hans og Håvard Skibenes legg ned trekket. Håvard Skibenes trur ikkje toppidrettsutøvarane forsvinn frå Stryn. Han har nemleg planar om å byggje ein park lenger nede i anlegget. Men Karlsen kan ikkje sjå føre seg at noko slikt kan vere attraktivt for landslagsutøvarar.

- Eg kan ikkje tru at det blir plass til å køyre portar, og då er ikkje det eit alternativ for aktive alpinistar, seier landslagsløparen.