Det var i går kommunikasjonsdirektør Ann Marit Solbakken i Avinor, som er det nye namnet på Luftfartsverket, sa at løyvingane i statsbudsjettet ikkje er store nok. Konsekvensen kan bli nedlegging av flyplassar i Sogn og Fjordane. Dette er å spreie ugrunna frykt, seier Svein Ottar Sandal.
Meir enn i fjor
Avinor meiner dei treng 370 millionar kroner for å drive flyplassane i 2004. Regjeringa har sett av 265 millionar, medan det i år var 250 millionar. Dette er meir enn i fjorårets budsjett. Det er ein auke i statens kjøp av lufthamnstenester, og Sandal kjenner ikkje til at det er krav om å auke standarden på flyplassane.
Stortinget avgjer
Dessutan er det Stortinget som avgjer flyplasstrukturen, og det er ikkje kome inn noko forslag om å leggje ned nokre flyplassar i Sogn og Fjordane.