Hopp til innhold

- Sogndal blir mindre attraktivt

Sogndal 2 sitt nedrykk til fjerdedivisjon gjer Sogndal mindre attraktivt for unge fotballtalent.

Tommy Øren

Fotballekspertar meiner det er for dårleg at det ikkje er eit andredivisjonslag i Sogndal. Her er Tommy Øren i kampposisjon. Han var med i kampen mot Florø der Sogndal 2 tapte i helga.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det er svært beklageleg med eit andrelag i fjerdevisjon. Det er rett og slett for dårleg at vi ikkje har eit andredivisjonslag i og rundt Sogndal, seier fotballekspert Jon Navarsete.

Jon Navarsete

Jon Navarsete

Foto: Arve Uglum / NRK

Jubelen var overdøyvande då Florø sende Sogndal 2 ned i fjerdedivisjon i helga, og på tribuna kunne ein skuffa Harald Aabrekk slå fast at heile klubben vil lide under nedrykket.

- For dårleg for spelarane

- Andrelaget vårt er ein kamparena for dei yngste spelarane våre. Fjerdevisisjon er for dårleg for dei, seier Aabrekk.

Harald Aabrekk

Harald Aabrekk

Foto: Rune Fossum / NRK

Navarsete fryktar at Sogndal vil få det langt vanskelegare med å halde på dei nest beste med eit andrelag lenger nede i divisjonane enn det konkurrentane i tippeligaen har å tilby.

- For dei aller fleste er Sogndal den beste klubben å gå til. All historie viser at dei får spele førstedivisjonsfotball. Og det er sjeldan. I Lillestrøm, Brann, Viking og Rosenborg må spelarane kjempe mot garva tippeligaspelarar. Og det er viktig at dei som er 16-17 år og juniorgutar får eit godt tilbod. Fjerdevisjon er for dårleg, seier han.

Åtte betre kamparenaer

Sogndal - Mjøndalen 3-0

Sogndal spelar mot Mjøndalen tidlegare i år. Fotballekspertar meiner det er viktig at andrelaget i Sogndal held eit høgt nivå.

Foto: Rune Fossum / NRK

Navarsete får støtte av talentutviklar i fotballkretsen, Jan Tore Jåstad. Med åtte betre kamparenaer berre her i fylket i form av 2. og 3. divisjonslag, vil Sogndal verte mindre attraktivt for mange.

- For dei spelarane som ikkje er soleklare elleveval i Sogndal er det viktig å tenkje seg om. Og vere bevisst kva kampar dei vel. Det er ikkje sikkert at ein spelar vil gå frå lokal tredjedivisjon når utsiktene er fjerdedivisjonsspel.

Vanskeleg val

Sogndal 2 - Sandane

Sogndal 2 mot Sandane

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

I andredivisjonsklubben Førde har truleg Ruben Holsæther valget mellom Sogndal, Brann og Viking neste sesong.

Nedrykket til Sogndal 2 gjer den alternative kamparenaen til A-laget dårlegare enn i dei andre klubbane. Det seier Førdetrenar Knut Erik Folland.

- For Ruben sin del er det kampkvardagen som vert svekka. Om han ikkje får spele i adeccoligaen eller tippeligaen. Det er mange faktorar som spelar inn, men Ruben må finne ut kva som er best for han, seier Folland.