Hopp til innhold

- Sjølvsagt ber eg for Sogndal

Leiaren i Det Mosaiske Trossamfund har Sogndal i både i hjartet og på hovudet. Søndag ber han for siger til Sogndal, og for nederlag til Fredrikstad, Sandnes Ulf og Hønefoss.

Ervin Kohn sin Sogndal-kippa

BER FOR SOGNDAL: Ervin Kohn er imponert over det vesle Sogndal har fått til. Når Sogndal møter Brann til helga er det ingen tvil om kven han held med.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Det var sonen min som presenterte meg for Sogndal. Han hadde sett ein reportasje på tv der Sogndal-spelarane vaska draktene sine sjølve, og vart umiddelbart fascinert, seier Ervin Kohn, leiaren for Det Mosaiske Trossamfund, fellesnemninga for dei jødiske samfunna i Norge.

– Vi tenkte med ein gong at «dette laget treng supporterar». Sogndal er eit pitte lite lag frå ein pitte liten stad, bygd på fellesskap og dugnadsånd.

– Dei viser at du ikkje treng vera stor for å ha suksess. Det minner om oss, Norges minste religiøse minoritet med 720 medlemmer. For oss er Sogndal eit føredøme, seier Kohn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ervin Kohn

FØREDØME: – For norske jødar er Sogndal eit føredøme. Dei viser at ein ikkje treng å vere stor for å ha suksess, seier Kohn.

Foto: NRK

Hekla i Jerusalem

Kippaen med Sogndal-logo er ein av dei Kohn brukar mest og vart hekla i Jerusalem i to eksemplar. Ein til Ervin Kohn, og ein til sonen.
Far og son har hatt fleire utgåver, mellom anna ein brun ein som vart kjend i Karpe Diem sin video sin låten «Tusen Tegninger», med påskrifta «Stao no pao».

– Vi hadde også kvar sin kippa med den gamle SIL-logoen, seier Kohn.

52 sekundar ut i videoen til Karpe Diem sin "Tusen Tegninger" finn du "Stao no pao"-kippaen.

Saftkokar

Han har berre vore på Fosshaugane ein gong. Det var i fjor, men har for vane å stå med Saftkokaradn når Sogndal spelar på Ullevaal.

– Det beste minnet mitt er frå regnværskampen mot Ullevaal i 2000, då Sogndal rykka opp og sendte Vålerenga ned i 1. divisjon. Eg er æresmedlem av Saftkokardn på livstid, seier Kohn.

Ber for siger

Søndag spelar Sogndal skjebnekamp mot Brann for å halda seg i Eliteserien. Fram mot kampen skal Kohn be, ikkje berre for siger til Sogndal, men for nederlag til nedrykksrivalane Fredrikstad, Sandnes Ulf og Hønefoss.

– Alle andre kryssar fingrane, eg ber sjølvsagt i tillegg, ler han.

– Brann har ikkje noko å spela for, så eg er optimist, legg han til.

"Feil" lag

Ervin Kohn møter kongen og kronprinsen med Sogndal-kippa.

KIPPA: Kohn i Sogndal-kippa framfor kong Harald og kronprins Haakon.

Han har brukt kippaen sin medan han har talt til kongen og kronprinsen, og ikkje minst i alvorlege møter med politiet i Oslo etter at trussamfunnet vart utsett for trugsmål.

– Den eine politimannen sa til meg at han berre hadde eitt problem med meg, og det var at eg var på feil lag. Eg reagerte litt i og med att det var ein heller alvorleg samtale vi hadde og lurte på kva han meinte med det. Då peika han berre på kippaen, ler Kohn.

– Men etterpå viste det seg at han heia på Tottenham, og det er jo eit jødisk lag.

Sogndal-kippa til gjestene

Fram til 27. desember skal far og son Kohn sine hovudplagg produserast i mange eksemplar. Då skal nemleg sonen gifta seg i Jerusalem, og tradisjonen tru får alle dei mannlege gjestene kvar sin kippa.

– Då blir det Sogndal-kippa på alle. Minst 200 stykke. Tore André Flo er forresten bedt, og vi håpar veldig på at han kjem, seier Ervin Kohn

Her har Ervin Kohn kjøpt kippaen med Sogndal på.

UTSAL: Det er frå dette utsalet i Jerusalem at Ervin Kohn fekk tak i kippaen. Sogndal-kippaen ser du midt i, midt mellom store lag som til dømes New York Islanders og Indiana Colts.

Foto: privat