Hopp til innhold

- Send eit kort til Clara

Selje Sp oppmodar folk om å senda kort til styreleiaren i Helse Førde for å seia si meining om sjukehussaka.

Postkort

Ingen tvil om Gunn Sande sitt synspunkt i sjukehussaka.

Foto: Gunn Sande

- Styret har sendt ut på høyring saka om nedlegging av lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn. Når nokon sender noko ut på høyring, går eg utifrå at dei ynskjer tilbakemelding på det dei har sendt ut. Denne tilbakemeldinga skal dei få i form av eit postkort, seier Gunn Sande i Selje SP

Vil ha reaksjonar

Selje SP oppmodar folk om å kjøpa eit postkort og eit frimerke, setja på adressat og skriva at ein anten er for eller i mot nedlegging av Nordfjord og Lærdal sjukehus.

- Med det meiner eg at Styret i Helse Førde får tilbakemelding på si høyring om akkurat denne saka. Om dei tek omsyn til det? Ja det er ei anna sak , men ingen skal i alle fall koma og seia at det ikkje har kome reaksjoner på høyringa, seier Sande.

Ho opplyser vidare at adressa korta bør sendast til, er: Styret i helse Førde v/Clara Øberg 6800 FØRDE.