Hopp til innhold

- Sauetapa skal ned

Mattilsynet vil ha ned dei store tapa av sau på beite. 130.000 av dei to millionar sauene her i landet som vert sleppte på beite kjem ikkje levande attende frå fjellet.

Sau på beite
Foto: Hans H. Bjørstad

Rådgjevar Trude Lien ved Mattilsynet sitt regionkontor seier at dette er eit stort dyrevernproblem.

Seks av hundre går tapt

I desse dagar vert titusenvis av sauer sende på fjellbeite her i fylket. Røynslene viser at kring 6 % av desse sauene ikkje kjem levande attende.Og det er særleg mange lam som ikkje overlever sommaren i fjellet.

Dette vil Mattilsynet no gjere noko med. I april starta eit omfattande prosjekt i deler av Nordfjord, Sunnfjord og ytre og indre Sogn.

Tiltak neste år

Årsaka til sauetapa skal no kartleggast før tiltaka for å redusere tapa skal i gang neste år, seier rådgjevar Trude Lien i Mattilsynet. Ho har i mange år tidlegare jobba som veterinær fleire stader her i fylket.

- Også her i fylket er det store tapstal. Det er særleg i indre Sogn, der rovdyrproblemet er størst, men det er og store tap i midtre og ytre deler av fylket. Der er det meir samnsette årsaker, vi har flått, sauemakk og alveld. Vi har no sett i gang eit arbeid for å kartlegge nærare dette. I dei besetningane som vi har plukka ut og som har høge tap har vi sett inn intensivert tilsyn. Vi har hatt i nspeksjon før sauene vart sleppte på beite, og vi skal fylgje opp med ein ny inspeksjon når dei kjem heim til hausten.

- På tide å ta tak

- Vi har levd med store sauetap ei stund, og no er det på tide å ta tak i det, seier Trude Lien.