Hopp til innhold

- Rutekutt øydelegg for industrien

Det kjem no sterke reaksjonar på planane om rutekutt på kysten. Ordføraren i Gulen,Trude Brosvik, ber hovudutvalet for samferdsle om å utsetje avgjerda om nedlegging av godsbåtruta til Gulen og Solund.

 

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

  Utvalet skal i morgon avgjere korleis dei skal spare inn tre millionar kroner som dei er pålagde å kutte i rutebudsjettet.

Men Gulen-ordføraren meiner at framlegget om nedlegging av godsbåtruta sler beina under 30 arbeidsplassar i den mekaniske industrien i dei to øykommunane.

- Eg les i saksutgreiinga som ligg til samferdsleutvalet at dei ikkje bryr seg om den mekaniske industrien i Solund og Gulen. Dei får berre ordne seg sjølv, seier ho.

Tel på knappane

Dersom fylkespolitikarane kuttar godsbåtruta betyr det at dei ikkje vil ha folk på kysten, meiner Eivind Ingvaldsen. Han driv Båtslip på Lågøy i Solund og er heilt avhengig av godsruta. No tel han på knappane om han skal våge å investere.

- Det er vere eller ikkje vere. Eg står føre eit alternativ om å byggje ut for ein million, men no må eg telje på knappane om det vil verte lønsamt når vi vert avskorne frå resten av samfunnet, seier han .

Vil ikkje forskottere

Leiar i samferdsleutvalet Liv Henjum vil ikkje forskottere kva som skjer på møtet, men viser til at politikarane ofte har enda opp med andre konklusjonar enn tilrådinga. 

Også spørsmålet om dei som bur på Alden misser passasjerbåten sin, skal opp på møte i morgon. I tillegg diskuterer politikarane eksistensen til båtruta til øya Sandøy vest for Bulandet og båten til Frønningen.