Hopp til innhold

- Prøvde å påverke vitne

- Advokat Louis Anda har prøvd å påverke eit vitne i ei valdtektssak, hevdar Sogn Tingrett.

- Ein advokat kan ikkje oppføre seg på ein slik måte at eit vitne føler seg pressa til å forklare seg i ei bestemt retning. Dersom det ligg noko straffbart i dette, så er dette ei sak for påtalemakta, seier tingrettsdommar Steinar Velle.

- Svært pågåande

Det var i ein valdtektsdom i Sogn Tingrett at dommar Steinar Velle meiner advokat Louis Anda har freista å presse eit vitne.

I dommen står det at eit vitne vart oppringt av Anda, og i samtalen ville Anda at vitnet skulle kome med andre opplysningar enn det ho meinte var rett.

Vitnet seier ho opplevde Anda som ubehageleg og svært pågåande.

Kan misse advokatløyve

Om Louis Anda har gjort dette kan det gjere at han misser løyvet til å virke som advokat.

Anda reagerer sterkt på påstanden i dommen. Han reagerer spesielt sterkt på at han ikkje har fått høve til å komme med tilsvar mot skuldingane.

- Eg har ikkje gjort det, og dessutan har retten har gjort ein slett jobb når eg ikkje får uttale meg om saka. For rettstryggleiken er det eit minimum at eg får uttale meg om påstandane, seier Anda

Han vurderer no i samråd med Advokatforeininga om han skal klage inn det som står i domspapira til Tilsynsrådet for dommarar.

- Svært alvorleg

Merethe Smith, generalsekretær i Advokatforeininga, vil ikkje uttale seg om denne enkeltsaka, men stadfestar at Anda i verste fall kan  bli fråteken advokatløyvet.

- Dersom ein advokat har påverka eit vitne er det svært alvorleg, og slik skal ikkje ein advokat gjere, seier ho.