Hopp til innhold

- Politiet vil skape blest

Advokat reagerer på at politiet kallar inn til pressekonferanse om dopingsaka i Sunnfjord før tiltalen er klar.

Ivar Blikra
Foto: NRK

I følgje politiet har dei avslørt eit landsomfattande nettverk der det er omsett narkotika og dopingmidlar i kjølvatnet av doping- og narkotikasaka frå januar i fjor.

Onsdag har politiet kalla inn til pressekonferanse.

Ikkje noko nytt

Ivar Blikra er advokat for den påståtte hovudmannen, og han trur politiet går ut med dette for å få meir blest rundt etterforskinga. Men han meiner det ikkje har kome fram noko nytt i saka sidan ho vart rulla opp for eitt år sian.

- Påtalemyndigheten seier at dei ikkje har tiltalen klar, seier Blikra.

I pressemeldinga seier politiet at etterforskinga har avdekka eit landsomfattande nettverk der det er omsett narkotika og dopingmidlar for store summar. I alt 16 politidistrikt har vore involverte i etterforskninga.

Stort dopnettverk avslørt

Etter det NRK kjenner til skal saka ha starta då sju personar frå Sunnfjord vart pågripne og sikta for dop- og narkotikabrotsverk. Politiet gjorde då beslag av store mengder anabole steroidar, ecstasy, amfetamin og andre narkotiske stoff. NRK fekk kjennskap til at dei som då var sikta i saka hadde base i Sunnfjord og selde store mengder anabole steroider langt ut over Sunnfjords grenser.

Politiet skal sitje på opp til fem gigabyte overvakningsmateriell som omfattar sms, telefonar og epost frå den påståtte hovudmannen. Dei reknar med at dei mistenkte har sendt av garde dop til fleire milionar kroner i posten. Bestillingane fekk dei gjennom krypterte msn-meldingar på internett.

Politiet vil ikkje kommentere saka før onsdag.