Advokat Louis Anda seier at lagmannsretten har så mykje å gjere, at terskelen for å få ein anke fremma er etter kvart blitt så streng, at det av og til kan gå ut over rettstryggleiken.
Ikkje tvil om skulda
I oktober dømde Sogn tingrett 20-åringen til fengsel i eitt år og tre månader etter den dramatiske bilulukka i Balestrand i juli i fjor. Broren til den dømde omkom i ulukka. Retten fann det prova at 20-åringen køyrde ulukkesbilen og at han var sterkt påverka av alkohol. Det var straffeutmålinga Anda hadde håpa å få endra. Skuldspørsmålet var det ingen tvil om, men Anda meiner at straffa var ein månad eller to over det som saker ein kan samanlikne har fått.
Men no blir dommen frå Sogn tingrett rettskraftig, og 20-åringen frå Balestrand må sone straffa på eitt år og tre månader. Ifølgje forsvararen fordi lagmannsretten er så pressa at dei overser ein fengselsstraff som er ein eller to månader for streng.