NRK Meny

- Nei takk til "bokmålsstut"!

For rundt 100 år sidan rasa det ein bitter målstrid i mange bygder. I Lærdal gav det seg spesielle utslag.

"Bokmålsstut" - nei takk!

Teikning: Heidi Lise Bakke.

Artikkelen er flere år gammel.

Ei av sogene fortel om ein bonde som ivra for nynorsk. Han nekta å la stuten til ein bokmålstilhengar bedekke kua si. – Ikkje nokon "bokmålsstut" til mi ku, nei! var det kompromisslause standpunktet hans, trass i at det var sjølvaste avlsstuten i bygda han sa nei til.

Då Stortinget i 1892 opna for at nynorsk kunne vere hovudmålet i skulen var det i mange kommunar startskotet for ein strid som varde i mange år og som skapte stor splid i bygdesamfunna.

Ikkje alle stader, forresten. I Stryn vart nynorsk innført som hovudmål i alle skulekrinsane kort tid etter stortingsvedtaket.

– Bokmålet var Guds språk

Og det handla ikkje berre om skulemålet. For mange var det vel så formasteleg at det skulle talast og syngast på nynorsk i kyrkjene. For der måtte jo Guds eige mål gjelde, og det var det mange som i fullt alvor meinte var bokmål.

Ei anna sak var administrasjonsmålet i kommunane. Også her tok det mange år før nynorsk vart vanleg.

Bjørnstjerne Bjørnson skrev vår nasjonalsang

Bjørnstjerne Bjørnson vart møtt med nynorsk salmesong.

Foto: Scanpix/NTB / Scanpix

Svara Bjørnson med nynorsksalme

Og det var nok i Lærdal striden var hardast, der var det så bitre frontar at det gjekk gjetord over heile landet. Mellom dei som kom til Lærdal var sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson.

Hans toleranse galdt ikkje nynorsk, og på eit møte i Lærdal brukte han all sin pondus for å støtte bokmålsfolket. Men nynorsktilhengarane i salen svara på talen hans med å synge ein salme på nynorsk.

Til sengs med beinbrot

Ei anna historie som fortel om dei harde frontane i Lærdal handlar om leiaren for nynorskflokken som var så uheldig å bryte beinet kort tid før eit viktig møte om målsaka.

Distriktslegen i Lærdal var like iherdig bokmålstilhengar, og han gjekk nok langt ut over fullmaktene sine då han påla leiaren for nynorsktilhengarane å ligge til sengs i to veker. På den måten ville han syte for at mannen ikkje fekk stille på møtet.

LES MEIR OM Noregs bitraste målstrid i Fylkesleksikonet.

100 år med nynorsk i Lærdal

I år er det 100 år sidan dei fleste skulekrinsane i Lærdal fekk nynorsk som hovudmål, men først i 1947 var nynorsk hovudmål i alle skulane i kommunen. Også i enkelte andre kommunar gjekk det mange år før det var nynorsk i alle krinsane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tidl. Erdal skule i Lærdal

Skulehuset i Erdal, der nynorsk vart hovudmål i 1911.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Som regel var det embetsmennene, dei som var høgast på strå i lokalsamfunna, som kjempa hardast mot nynorsken. I Lærdal var det distriktslegen som stod på barrikadane, og dei fleste prestane støtta og bokmålet.

Men det var og døme på prestar som stod på den andre sida. Ein av dei var Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand. Mellom nynorsktilhengarane var det elles mange lærarar.

Let seg ikkje stanse av fjordis

Det vart folkerøystingar om hovudmålet i skulen i mange kommunar. I Fjaler heldt is på fjorden på å sette ein stoppar for dei ivrigaste nynorsktilhengarane.

LES OM Målstrid og meinis i Fjaler .

Firda Mållag

I Sunnfjord og Nordfjord vart Firda Mållag (skipa i 1899) ein viktig medspelar for dei som ville ha nynorsk i skule, kyrkje og kommunale kontor. Sogn Mållag vart ikkje skipa før i 1952, men i 1911 var det 12 lokale mållag i Sogn som stod i bresjen for nynorsken.

Berre ein bokmålsskule

I dag er Skram skole i Måløy den einaste skulen i Sogn og Fjordane med bokmål som hovudmål. Slik har det vore sidan 1928, trass i at ei folkerøysting i 1919 gav fleirtal for at alle grunnskulane i dåverande Sør-Vågsøy kommune skulle ha nynorsk som hovudmål.

2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar
Stortingsvedtak om vestlandsregionen