Rømo fortel om kraftige israelske angrep i området i dag tidleg.
- Vi søv ikkje så veldig godt, for vi vaknar når bombene er nær. Då ristar det i huset, fortel ho.
Bomba landsby
Det var i dag tidleg at israelske kampfly, helikopter og kanonbåtar starta eit to timar langt angrep som jamna delar av ein landsby nær byen Tyr med jorda.
Dette er i same området som Jenny Rømo oppheld seg i. Ho bur i flyktningleiren Rashedieh hos ein libanesisk familie saman med tre andre kvinner frå Norge. Og sjølv om ikkje flyktningleiren har blitt råka av angrepa, merkast kampane godt.
- Det har auka veldig på sidan det starta, seier ho.
- Skal bli godt å komme heim
Rømo legg ikkje skjul på at det hadde vore godt å kome seg heim
- Det er klart vi har lyst til det, som alle andre her nede. Det er betre å få oss ut og få ned kriseteam som kan gjere ein god jobb her nede, seier ho.
Held seg i ro
Dei fleste nordmennene som var i Libanon har no blitt evakuerte med buss eller båt frå hovudstaden Beirut. Men UD har til no ikkje funne ein sikker måte å få Rømo og dei tre andre vekk frå Sør-Libanon. Men Rømo seier dei heile tida har kontakt med UD.
Ingen flyktningleirar har så langt blitt angripne, Rømo trur at det beste enn så lenge er å halde seg i ro.
- Eg føler eg er tryggast der eg er, seier ho.