Hopp til innhold

- Mathilda heimsøker hotellet sitt

Tilsette ved Førde Hotell er skråsikre på at avlidne Mathilda Moran framleis vaktar over hotellet ho eigde.

Førde Hotell
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

DEBATTER: Trur du på gjenferd?

- Alle tilsette veit at det spøkjer i gamlefløyen. Sjølvsagt kan forventingar gjere oss meir merksame på slikt, men det skjer noko uforklarleg heile tida, fortel husøkonom, Therese Vie, til Firda.

Dør stod bom fast

Vie har arbeidd ved hotellet i fire år og trudde ikkje på historiene som sirkulerte om gjenferdet til eigaren frå tidleg på 40-talet. I oktober fekk pipa ein annan lyd då ho sjølv opplevde at døra til eit rom i gamlefløyen stod bom fast. Etterkvart gav døra etter.

- Det var som om nokon heldt døra frå innsida, og brått sleppte henne. Eg vart livredd, seier ho og presiserer at døra aldri har bydd på problem verken før eller seinare. Frå tid til annan finn også ein servitør glødande lys på eit særskilt bord i baren, sjølv om ho er sikker på at ho sløkte det kvelden før.

Her i gamlebygget meiner tilsette at det spøkjer.
Foto: NRK / NRK

Fekk lampe i hovudet

Kokkane Grethe Helle og Ingvild Hammer fortel også om uforklarlege fenomen på kjøkkenet som er frå 1860. For nokre dagar sidan fekk Ingvild ei lampe i hovudet. Ofte ensar dei også nokon i dørkarmen mot restauranten, men når dei ser etter er det ingen der.

- Mathilda vil vel sjå til det ho har etterlate. gjestene får gå i fred, men ho var kjend for å køyre dei tilsette hardt, ler Grethe.

- Trur ikkje på gjenferd

Kommande hotellsjef, Tore Solbakken, seier til Firda at han har lite tru på gjenferdet sin eksistens og trur det meste skuldast naturlege forklaringar.

Han har likevel merka seg at dei tilsette er redde og kan ikkje forklare kvifor sikring nummer 17 stadig går utan grunn.