Hopp til innhold

- Lotetunnelen kan vere vanskeleg

Dagleg leiar Rolf Olav Tenden i Thor Tenden Transport seier Lotetunnelen er ein problematisk tunnel for sjåførar som ikkje er lokalkjende.

Container datt av trailer i Lotetunnelen

RYDDA TIL SIDE: Containerane som stengde heile tunnelen er no rydda ut i sida.

Foto: Øystein Torheim

Tre store containerar fall av ein semitrailer om lag klokka 11:30 torsdag og sperra heile vegbana inne i Lotetunnelen på E39 mellom Lote og Nordfjordeid. Tenden meiner slike uhell skader transportnæringa.

– Eg blir veldig lei meg på vegner av næringa når slikt kan skje.

(Artikkelen held fram under biletet).

Rolf Olav Tenden

- SKADER NÆRINGA: Rolf Olav Tenden.

Foto: Thor Tenden Transport

LES OGSÅ: Mista tre containerar inne i tunnel

Liknande uhell i 2011

Rolf Olav Tenden seier at Lotetunnelen er trong, slik mange tunnelar i vårt fylke er, men at lokalkjende sjåførar unngår uhell fordi dei tek forholdsreglar når dei køyrer der.

– Problemet med Lotetunnelen er at det er ein krapp sving og trang innkøyring i tunnelen. Det som hende i dag ser ut til å vere eit typisk eksempel på kva som kan skje når to store bilar kjem for brått på kvarandre, og høgda på desse containerane kanskje er i høgaste laget.

(Artikkelen held fram under biletet).

Rydding i Lotetunnelen etter containeruhell

SJEKKAR TAKET: Det er gjort omfattande skade på tunneltaket.

Foto: Øystein Torheim

Politiet opplyser at uhellet i dag skjedde då semitraileren møtte eit vogntog og la godt ut til sida. Det møtande vogntoget hadde god avstand då containerane tok oppi og vart rivne av, og fekk stansa før det vart kollisjon.

I juli 2011 var det eit liknande uhell i Lotetunnelen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Lotetunnelen på E39.

LIKNANDE UHELL I FJOR: Denne bilen mista container i Lotetunnelen 14. juli 2011.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Farleg for dei som ikkje er lokalkjende

Sjølv kjenner ikkje Tenden til at deira bilar har fått skade etter uhell i Lotetunnelen.

– Men vi torer ikkje køyre inn i tunnelen med alt for høg fart, særleg frå Lote-sida, for der er det verkeleg farleg. Og utbetringa som vart gjort gjer kanskje at sjåførar som ikkje er lokalkjende køyrer litt fortare. Det ser greitt ut, men tunnelen knip fort inn og blir veldig trang, og då får du slike uhell.

Containerane på slike bilar er festa med kjettingar, og det er godt nok for transport, og for eit vanleg uhell, seier Tenden.

– Men når dei som her blir huka i toppen så blir dei utsette for krefter som ein ikkje kan sikre seg mot. Det riv laust alt, det er eit skrekkens eksempel når du ser tre slike containerar strødde i vegbana. Vi kan berre tenke oss kor alvorleg dette hadde vore om det hadde vore andre bilar involverte.

Mista container i Lotetunnelen.

STENGD TUNNEL: Frå uhellet i Lotetunnelen 14. juli 2011.

Foto: Åge Andre Breivik

Ved hjelp av hjullastarar blir no containerane fjerna. Statens vegvesen reknar med at tunnelen kan bli opna for trafikk att innan klokka 17.