Jørgen Bruheim, som er leiar i Sogn og Fjordane Turlag, seier snøskavlane på denne tid av året kan vere veldig farlege.
- Det er ein ståande regel om aldri å gå ut på slike skavlar og snøbruer, for du veit aldri om det er noko under dei, seier Bruheim.
Englevakt
I går hadde ein 28 år gammal austerrikar englevakt då han gjekk ut på ein snøskalv ved den 2083 meter høge Soleibotntind i Hurrungane i Luster. Skavlen tålte ikkje vekta av mannen, og brotna. 28-åringen rutsja då 150 meter nedover fjellsida, men han slapp frå det med lettare skader, får vi opplyst ved Haukeland Universitetssjukehus.
Lett å bli lurt
Bruheim seier det er lett å la seg lure av skavlar som ser trygge ut.
- Folk trur gjerne at det er fast fjell under. Men spesielt når det lir frampå våren er det gjerne roten snø som plutseleg brest, og då ber det rett ned, seier turlagsleiaren.