Hopp til innhold

- La piggdekka vere på

- Lat piggdekka vere på så lenge det er vinterver, oppmodar UP.

Piggdekk, vinterdekk
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Utrykningspolitiet har fått fleire spørsmål frå publikum om dekkskifte. Særleg Sør-Norge opplever no skikkeleg vinterver med mykje snø og glatte vegar.

Køyreforholda avgjer

I køyretøyforskrifta står det at piggdekk eller kjetting ikkje må bli brukt i tida frå og med første mandag etter 2. påskedag til og med 31.oktober, om ikkje køyreforholda gjer det nødvendig.

Utrykningspolitiet seier det er fornuftig og i tråd med forskrifta å halde fram med piggdekk i ein periode framover.

Mange misforstår

UP-sjef i Hordaland og Sogn og Fjordane, Leon Nordanger, seier det er mange som misforstår forskrifta.

- Piggfrie vinterdekk må ikkje av, det er berre dekk med piggar forskrifta gjeld, påpeiker han.

- Skift ut dei piggfrie dekka

Samstundes oppmodar han dei med piggfrie vinterdekk om å skifte dei ut i tide.

- Dei piggfrie dekka har mjuk gummi og blir ustabile når det blir varmare i véret og asfalten vert varm.