Hopp til innhold

- Kronprinsbesøket er god PR

Det tre dagar lange kronprinsbesøket har svært mykje å seia for Sogn og Fjordane sitt omdømme, meiner rådgjevar i Dinamo PR, Kjell Terje Ringdal.

Kronprinsparet kom til Bulandet i føremiddag
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Meir enn 60 journalistar frå inn- og utland fylgjer kronprinsparet på turen gjennom fylket.

- Kongelege verdiar

- Dette er med på å tilføre fylket verdiar, nesten kongelege blått blod-verdiar som kan vere med på å understreke dei kvalitetane som for så vidt alltid har lege der. Det understrekar og beviser det ein som innbyggjar kanskje alltid har meint: At dette er det vakraste fylket og det flottaste folket i verda.

Seks kommunar

I løpet av tre dagar skal Mette Marit og Haakon besøke seks kommunar i Sogn og Fjordane. Reklamen kronprinsparet gjev fylket som heilskap er langt større enn det fylket nokon gong kunne ha klart på eiga hand, skal ein tru Ringdal.

- Nok berre at dei kjem

-  Når ein skal marknadsføre ein stad eller fortelje kor gode kvalitetar ein har, så fell verdien om ein sjølv seier det. I dette tilfellet er det slik at om Sogn og Fjordane gjekk ut i mediene og fortalde at her er det fint og flott, så har det diverre ikkje same tyngden som om andre seier det. Når kronprinsparet er på besøk i Sogn og Fjordane og seier at dett er ein fin og flott plass, har det mykje større tyngde og verdi enn om ein sjølv seier det. Og dei treng ikkje seie det, det er nok berre at dei kjem på besøk. Har ein fine gjester betyr det at ein sjølv er fin og verd å besøke, seier Kjell Terje Ringdal.

Kronprinsesse Mette Marit og kronprins Haakon saman med ordførar Aud Kari Steinsland i Askvoll
Foto: Torbjørn Fardal / NRK