Hopp til innhold

- Kjenner meg truga

Jenny Rømo frå Sogndal som sit i ein flyktningleir i Sør-Libanon, seier at dei merka godt at Israel onsdag morgon angreip hamnebyen Tyr.

Bergensstudentar i Libanon
Foto: privat

Byen ligg ikkje langt unna der ho oppheld seg.

- Dei evakurerar nordmenn med båt frå Beirut til Kypros, men vi kjem oss rett og slett ikkje til Beirut, seier ho.

I god behald

27-åringen har tidlegare jobba i flyktningleiren, men denne gongen er ho der på besøk. Ho er der saman med tre andre norske studentar. Dei er alle i god behald, for flyktningleiren som dei bur i er ikkje angripen.

Kontakt med UD

Dei fleste nordmennene som var i Libanon har no blitt evakuerte med buss eller båt frå hovudstaden Beirut.

Men UD har til no ikkje funne ein sikker måte å få Rømo og dei tre andre vekk frå Sør-Libanon. Men Rømo seier dei heile tida har kontakt med UD.

Det siste døgnet har det vore mykje bombefly- og helikopteraktivitet i området som Rømo oppheld seg.