Politiet jaktar altså intenst på den sikta 35-åringen frå Somalia. Men jakta kan bli vanskeleg, for mannen har nære kontaktar i fleire land i Europa. Politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt ser ikkje vekk frå at den sikta har klart å komme seg ut av landet.
Har budd i Frankrike
Etter det NRK kjenner til har den sikta mannen budd i Frankrike i fleire år før han kom til Norge i 2001 som asylsøkjar. I Frankrike skal 35-åringen ha ein nær slektning.
Nære band har han også til London. Der bur ekskona, saman med den 12 år gamle sonen deira. I tillegg skal mannen ha eit kontaktnett i Danmark.
Har truleg utlendingspass
Om det er slik at den drapssikta er i utlandet for å unngå det norske politiet, så er det naturlegvis ein fordel å kjenne folk utanfor landet. Politiet vil truleg oppsøke desse stadane i håp om å finne mannen. Det ser uansett ut til at 35-åringen har reisedokumenta i orden. Tidlegare i år var han nemleg på ferie i heimlandet Somalia.
UDI vil ikkje ut med kva type reisedokument den sikta har, men det er grunn til å tru at den drapssikta har fått utstedt eit svært anvendeleg utlendingspass. Uansett kan politiet ha ei svært tung oppgåve framfor seg om den somaliske mannen er i utlandet.
Enkelt å gå under jorda
Hege Storhaug er informasjonsansvarlig i stiftinga Human Rights Service, som er ein ideell organisasjon som informerer om fleiretniske samfunn. Ho seier det er enkelt å gå under jorda om ein vil det.