Hopp til innhold

- Kall gatene opp etter cup-heltane

Svein Bakkes veg, Knut Christiansens veg og Rolf Navarsetes veg?

Svein Bakke, Sogndal, i kamp om ballen med Egil Austbø, Brann under cupfinalen i 1976.

Svein Bakke, Sogndal, i kamp om ballen med Egil Austbø frå Brann under cupfinalen i 1976.

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

I Sogndal er det 15 gater og ein busshaldeplass som treng namn. Dette har engasjert mange og ein av dei er bonde Olav M. Hjelle frå Nordfjordeid.

- Sett frå ein annan kant av fylket er det sjølvsagt berre ei hending som blir ståande til evig tid, og det er då Sogndal spelte cupfinalen i 1976, seier han.

Difor meiner han at cupheltane frå den gongen må heidrast med å få gater kalla opp etter seg.

- Har ein 15 - 16 vegar som skal ha namn, bør dei sjølvsagt få namn etter dei spelarane som spelte på Ullevål, som til dømes Svein Bakke, Knut Christiansen og Rolf Navarsete, seier han.

- Det største som kunne skje

Hjelle var 18 år på den tida, og han fortel at det var kjempestas at 3. divisjonslaget Sogndal kom til finalen, sjølv om dei tapte 1-2 mot 1. divisjonslaget Brann.

- Det var det største som kunne skje for oss som følgde med på fotball, og eg trur heile fylket stod bak dei.

- Kva gjer at du som bur på Nordfjordeid engasjerer deg for gatenamn i Sogndal?

- Eg sat og høyrde på radioen om dette med gatenamn, og då tenkte at det eg forbind med Sogndal er cupfinalelaget.

Dårleg kjønnsbalanse

Men han ser at kjønnsbalansen blir litt dårleg med så mange mannsnamn.

- Damene kan få vegar oppkalla etter seg når dei har gjort noko tilsvarande, ler han.

Les også: Skal gata heite Lakabodlsmuget?

- Ein humoristisk variant

Ein av dei som var med på cupfinalelaget i 1976 er Jon Navarsete.

- Det er litt artig at det kjem slike forslag, men dette må vere ein humoristisk variant, ler han.

Men sjølv om han ikkje har tru på at ei gate blir kalla opp etter han sjølv, så meiner han at det er to andre som fortener ein slik heider.

- Svein Bakke og Rolf Navarsete har gjort utruleg mykje for fotballen dei siste 30 åra. Etter den innsatsen dei har gjort og slik dei har profilert Sogndal, så hadde det vore heilt rimeleg.