Hopp til innhold

- Kajakkpadling kan spreie parasitt

Forskarar og elveeigarar fryktar at kajakkpadling skal auke faren for at parasitten gyrodactylus smittar til nye vassdrag.

Kajakkpadling i elva Sjoa

SMITTE: Desinfisering av kajakkane må til for å unngå smitte av den frykta lakseparasitten frå vassdrag til vassdrag.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Leiar i Gaula elveeigarlag, Ole Rune Døskeland, er blant dei som er redd for konsekvensane ei slik smittespreiing kan føre til.

Han meiner dei som padlar kajakk i elvar og vassdrag må ta ansvar, og vil at dei skal passe på å desinfisere alt utstyr for å hindre spreiing. Noko anna kan bli katastrofalt, meiner Døskeland.

– Ein øydelegg eit vassdrag veldig effektivt ved å tilføre smitte som ikkje høyrer heime, seier han.

Flyttar kajakk frå vassdrag til vassdrag

Det å padle i kajakk er ein fritidsaktivitet i stadig vekst. Dei siste åra har det blitt seld kring 20.000 kajakkar årleg. No fryktar forskarar at det skal føre til at padlarane tek med seg uønska smitte frå elv til elv.

Den frykta parasitten Gyrodactylus salaris har ført til at laksebestanden i mange elvar og vassdrag rett og slett er øydelagt.

Forskar ved Bioforsk på Fureneset i Fjaler, Pål Torvaldsen, seier kajakkar kan føre med seg smitten.

– Det er ein viss fare for spreiing. Ofte reiser ein frå vassdrag til vassdrag når ein skal padle. Dersom det er litt restvatn i kajakken så er det ein risiko at ein kan spreie parasitten frå eit vassdrag til eit anna, seier Torvaldsen.

(Artikkelen hele fram under biletet)

Lærdalselvi

BEHANDLING: Spesielt er forskarane og elveeigarane opptekne av å hindre smittespreiing frå Lærdalselvi.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Vil desinfisere kajakkane

Han meiner at løysinga er å lage til stasjonar ved elvane, der padlarane vert pålagt å desinfisere alt utstyr før dei ut på tur i ei ny elv.

I Sogn og Fjordane fryktar ein særleg at padlarar skal ta med seg smitte frå Lærdalsvassdraget, som i mange år har slite med lakseparasitten gyrodactylus, til andre elvar utan smitte.

No må padlarane syne ansvar og syte for reint utstyr, meiner Ole Rune Døskeland i elveeigarlaget i Gaular.

– Alle må ta ansvar for eige utstyr. Gleda blir sikkert veldig mykje betre dersom ein veit at ein har gjort det ein kan for å unngå smittespreiing.