- Vi må oppnå kraftig mykje meir på veg til neste år. Samtidig så har vi trass alt lagt inn ein auke i høve til det Bondevikregjeringa gjekk inn for, seier Liv Signe Navarsete.
Dagens budsjettframlegg inneheld 17 millionar kroner meir til riksvegar, og 15 millionar kroner meir til rassikring, for Sogn og Fjordane neste år.
- Dette er ein auke vi har fått til på tre veker, og av dei fylka som har fått ekstramidlar så er Sogn og Fjordane vel ivareteke, meiner ho.
Olden-Innvik i det blå
Navarsete kan ikkje svare på når Olden-Innvik blir rusta opp.
- I år har vi satsa på kommunar, kultur og barnehagar. Neste år reknar eg med å stå lenger framme i køa når pengane skal fordelast. Då må vi få til eit løft for andre riksvegar, og eg håpar at Olden-Innvik kan skubbast fram.
Ho avviser at Dalsfjordbrua har skubba ut Olden-Innvik.
- Eg har berre følgt prioriteringane til fylkestinget.
- Trykk på Kjøsnesfjorden
Navarsete seier ho no har lagt trykk på planleggingsarbeidet av rassikringa i Kjøsnesfjorden:
- Eg ønskte å legge inn midlar der, men frå Vegdirektoratet vart det sagt at dei ikkje var klare med planlegging. Viss det viser seg at dei klarer å forsere planarbeidet, så kan vi kome tilbake til det i revidert til sommaren.