Hopp til innhold

- I strid med intensjonen

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) meiner det er i strid med intensjonen frå regjeringa når Helse Førde vil flytte tilsette frå Nordfjord sjukehus til Førde og Lærdal.

Kjersti Toppe (Sp)

REFSAR HELSE FØRDE: Kjersti Toppe (Sp) meiner omplassering av tilsette er i strid med intensjonen til regjeringa.

Foto: Stortinget

I dag kjem administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde til Nordfjordeid for å orientere kommunepolitikarane i Eid. Men Kjersti Toppe meiner det Bolstad ynskjer ikkje harmonerer med det regjeringa har tenkt.

– Det som låg frå ei samla regjering var at ein skulle sjå omstillingane ved sjukehuset i samanheng med pilotprosjektet som regjeringa løyvde pengar til, og at det dermed skulle hindre at mange tilsette misser jobben.

Opp mot 20 kan bli omplasserte

Sjukepleiarar ved Nordfjord sjukehus fekk sist veke vite at det er fare for at fleire ikkje får halde fram ved sjukehuset. På grunn av nedbygging ved Nordfjord sjukehus kan opp mot 20 tilsette bli omplasserte til sjukehusa i Lærdal eller Førde.

Dette sa personaldirektør Arne Skjelten i Helse Førde til NRK sist veke:

– Vi ser at det kan vere nokon som det ikkje blir plass til i forhold til bemanninga som er på sjukehuset og som vi vil gje tilbod til om jobb anten i Førde eller Lærdal.

(Artikkelen held fram under biletet).

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

TIL EID: Jon Bolstad skal informere politikarane i Eid.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ein del ukloke val

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde skal i dag orientere kommunestyret i Eid om saka. Kjersti Toppe, som er helsepolitisk talskvinne for Senterpartiet, er skuffa over framgangsmåten til Helse Førde.

– Eg meiner det har vore gjort ein del ukloke ting i kjølvatnet av regjeringsavgjerda. Det eine var at nedlegginga av ortopedien vart framskunda. Dermed gjorde dei det umogeleg å sjå desse omstillingane og pilotprosjektet i samanheng.

– Det andre var at Helse Førde starta eit nedbemanningsutval når regjeringa sa at ingen skulle misse arbeidet.