Hopp til innhold

- Hellandsjø bryt lova

President i Redningssleskapet, Lars Hellandsjø, får sterk kritikk frå fagrørsla for korleis han leiar selskapet Wergeland Halsvik i Gulen.

Lars Hellandsjø
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Fellesforbundet kritiserer Lars Hellandsjø for manglande samarbeidsvilje og lovbrot.

- Klubben oppgitt

Ryddeguten i Redningsselskapet er nemleg dagleg leiar i selskapet Wergeland Halsvik i Gulen. Bergens Tidende skriv at kritikken knyter seg til ei avdeling i selskapet som handterer spesialavfall frå oljeboring for Hydro.

Oddbjørn Aalen
Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

- Vi og klubben ved denne avdelinga er oppgitte, seier distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Ifølgje Aalen manglar Wergeland Halsvik arbeidsmiljøutval, slik lova krev. Også krav til vernearbeid og val av tilsetterepresentantar til styret er heller ikkje oppfyllte. Aalen skuldar Hellandsjø for fleire brot på hovudavtalen.

- Einsidige diktat

Selskapet fekk i 2003 sterk kritikk av Statens Forureiningstilsyn, og pålegg om arbeidsmiljøtiltak. Dei fagorganiserte har engasjert seg aktivt for å rette opp forholda.

- Dei føler seg så sterkt motarbeidde at dei har bede forbundet om hjelp. I tillegg er det irritasjon over dårlege lønsvilkår, og at lønsauke vert gitt som einsidige diktat utan forhandlingar, nærmast som "trynetillegg", seier Aalen.

- Når Hellandsjø har sagt at han ønskjer å skape tillit i Redningsselskapet, harmoniserer det dårleg med det som vi ser skjer på den bedrifta som han er dagleg leiar for, seier Aalen.

- Utidig og spekulativt

Lars Hellandsjø avviser kritikken.

- Eg kjenner meg ikkje igjen i skildringa av forholda på Wergeland Halsvik, og koplinga til vervet i Redningsselskapet er svært utidig og spekulativ, seier han til Bergens Tidende.

- I konsernet har vi rundt 160 tilsette. Denne kritikken kjem frå talsmenn ved ei avdeling med 14 tilsette. Vi har har tariffavtale og etablerte lønssystem.  Eg kjenner meg rett og slett ikkje igjen.