- Det viser at havbruksnæringa er teken på fersken i overdramatisering, meiner Sindre Humberset, fylkessekretær i Nei til EU.
Kaotiske tilstandar
I førre veke melde NRK Sogn og Fjordane om kaotiske tilstandar i laksenæringa etter at EU innførde vernetiltak mot norsk laks. Det var meldt om oppdrettarar som let fisken stå i merdene, og om slakteri og vogntog som stod stille.
Prisen gjekk opp
Men tala frå Statistisk Sentralbyrå viser at det berre var ein nedgang på dryge 600 tonn frå 6368 tonn veka før. Samstundes gjekk prisen opp til rekordhøge 25 kroner kiloen.
- Ropte ikkje ulv
Trass i dette vil ikkje innkjøpssjef Per Vidar Ottesen hos eksportøren Norwell vere med på at dei har ropt ulv. Han meiner Nei til EU ikkje veit kva dei pratar om.