- Gyrosmitta vil eksplodere

Parasitten Gyrodactylus Salaris er attende for fullt om ikkje lakseelva i Lærdal vert behandla snarast råd.

Lærdalselvi
Foto: Anne Karin Skjær Brugrand

Det fryktar seksjonsleiar Tor Atle Moe ved Veterinærinstituttet.

- Laksen vil klare seg gjennom vinteren, men neste år vil infeksjonen eksplodere, seier han.

Behandling snarast råd

Seksjonsleiaren meiner ein så snart som mogleg bør gå i gang med ny behandling av elva.

- Eg trur det er strategisk lurt å gjere før smolten vandrar ut i mai. Då klarer ein i alle fall å halde smitten nede. Kanskje blir ein til og med kvitt den, seier han.

Ti prosent er smitta

Gyro

Det er 11 år sidan parasitten Gyrodactylus Salaris vart oppdaga for første gang i Lærdalselvi. Elva vart behandla med rotenon i 1997 og med surt aluminium i 2005 og 2006. Men truleg har ein eller to fiskar overlevd kuren og 7. november i år vart det påvist gyrosmitte på kvar tiande undersøkte fisk.

- Vi hadde ei god kjensle etter at vi avslutta behandlinga i fjor, men det viser seg at det er ein del ting om laksen sin biologi vi ikkje kjenner til, seier Moe.

- Tilbakesteg

For leiar Magne Eri i elveigarlaget og dei andre grunneigarene, var nyheita om at det igjen vart påvist gyrodactylus salaris eit stort tilbakesteg.

- Vi hadde håp om at vi var fri parasitten, seier Eri.