Dette kom fram då Haavard Stensvand, som var lokal etterforskingsleiar under drapet, vitna onsdag. Hashin har fortalt at han var sjalu fordi Karterudseter vart med desse gutane ei lita stund før drapet, og at han difor mista kontrollen. Påtalemakta meiner drapet var seksuelt motivert, og ikkje eit sjalusidrap, slik Hashin seier.
Stensvand seier at dei nokså raskt meinte at desse gutane truleg ikkje eksisterte. Etterforskinga gjekk ut på å kartlegge heile området, og det som føregjekk drapsnatta. Dei hadde ei rundspørjing på folkehøgskulen, og meinte at dei klarte å kartlegge det meste. På spørsmål frå forsvarar kunne Stensvand likevel ikkje utelukke at det var snakk om to gutar utanfrå skulen.
Ingen såg Hedda og Hashin
- Alle elevane fekk skjema der dei skulle svare på observasjonar på området, seier Stensvand.
Til slutt vart også rundt tretti elevar tekne inn til avhøyr. Ingen på folkehøgskulen hadde sett Hashin og Karterudseter inne på skuleområdet drapsnatta, sa Stensvand
Den siste observasjon var frå eit vitne som såg dei to ved Solhov tett ved skulen. Dette vitnet er ikkje kalla inn. I følge aktor var ikkje han råd å få tak i.
- Men det var ein god del folk samla på internatet. Mange elevar var innom her etter å ha vore ute på kvelden, sa Stensvand.
Stilte spørsmål
I følgje Stensvand vart det i april bestemt å ta kontakt igjen med elevar og lærarar på folkehøgskulen. Det skjedde då dei fekk vite om dei to gutane som Hashin hadde fortalt om.
Politijurist Knut Broberg og aktor Bjørn Soknes meiner drapet var seksuelt motivert.
Stensvand seier at desse spørsmåla vart stilte i plenum til elevane: Var nokon i kontakt med dei to etter konsert? Var det nokon som var i trappa på internatet mellom 01.30 til 02.30? Var det nokon som såg Hassan eller nokon som kan vere Hassan i området før Hedda vart drepen? Har nokon sett utlendingar på skulen? Har nokon sett at Hedda har vore saman med utlendingar på skulen?
Men det var ingen som svarte ja på nokon av spørsmåla. Aktor Bjørn Soknes sin konklusjon var at ingen har sett Hashin verken denne natta eller tidlegare på skulen.
Vitne har forsvunne
Bjørn Soknes ville vite om Hedda sin kontakt med mørkhuda personar. Stensvand seier at det er vanskeleg å finne at det var kontakt mellom Hashin og Hedda så tidleg som Hashin har sagt. Dei har ingen konkrete haldepunkt, men det ser ut som kontakten oppstod siste vekene før drapet, fortalte han.
Stensvand fortalte også om kva som var kome fram om det som skjedde på Meieriet kvelden før drapet.
Hedda møtte ein kamerat av Hashin på Meieriet. I følge Hashin skal denne kameraten ha lagt an på Hedda, og det oppstod krangel om dette. I følge Stensvand har vitner også stadfesta dette. Men dette vitnet vil ikkje vere i retten i dag. Dei veit rett og slett ikkje kor denne personen er.