Hopp til innhold

- Fylket bryr seg ikkje

- Aurlendingane blir neglisjerte av fylkeskommunen, hevdar ordførar.

Dronning Sonja og ordførar i Aurland, Olav Ellingsen

Olav Ellingsen er arg på Sogn og Fjordane fylkeskommune. Her frå dronningbesøket i 2006

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Ordførar Olav Ellingsen (Sp) i Aurland hevdar at Sogn og Fjordane fylkeskommune vanrøktar Aurland i fleire viktige saker.

Amper ordførar

Ein irritert ordførar peikar mellom anna på at fylkesadministrasjonen har sagt nei til å finansiere direkte bussrute for elevar mellom Flåm og Sogndal og at fylkesvegen mellom Aurlandsvangen og Stegastein er i ferd med å ramle frå kvarandre.

- Kraftkommunar neglisjerte

- Det kan sjå ut som om fylkeskommunen meiner me ligg i ein del av fylket der me skal greie oss sjølve. Randkommunar som Aurland, Vik og Lærdal er ikkje representerte i det politiske systemet i fylket. Me er kraftkommunar som bidreg sterkt gjennom konsesjonskraft og skatt, seier Ellingsen til Sogn Avis.