Hopp til innhold

- For mykje jerv

Nye tal frå Rovdata syner at det var 58 jervekull i Noreg i 2011, målsetjinga er at det berre skal vere 39.

Sau drepen av jerv i Luster

SAU DREPEN AV JERV: Mange sauer vart tekne av jerv i Luster i 2011.

Foto: Torill Bruaas

– Det syner at jervebestanden er skyhøgt over det som er bestandsmålet, og at vi har ein jervebestand som er ute av kontroll. Det seier leiar i Skjolden sankelag i Luster, Arne Rebni Øverås.

Fredag la Rovdata fram ein rapport som syner at det vart registrert 58 jervekull i Noreg i 2011. Sjølv om det er 8 færre enn året før, så har ein i rovdyrforliket sett som mål om det berre skal vere 39 jervekull. Utrekningane tyder på at det er om lag 370 individ her i landet.

Øverås og dei andre bøndene i Skjolden skal snart sleppe sauene på beite, og ser mørkt på situasjonen.

– Slike tal er med på å halde motløysa oppe. Vi tapte mange sauer i fjor, seier han.

Øverås meiner at Direktoratet for naturforvalting må gjere ein større innsats for å få ned bestanden.

Lokal utviding

– Det er vedteke i rovdyrforliket at talet på dyr skal ligge nærast mogleg målet på 39. Samstundes opplever vi her lokalt at andre rovviltregionar utvidar yngleområda for jerv, slik at dei kjem heilt inn til våre grenser, seier Øverås.

Han får støtte frå stortingsrepresentant frå Høgre, Bjørn Lødemel.

– Situasjonen er foruroligande, og det er alvorleg at ein ikkje klarer å få ned talet på jerv når det er målsetjinga, seier Lødemel.

Etter det han kjenner til er det sju ynglingar i Indre Sogn. Det har vore gjeve løyve til å skyte totalt seks dyr i år, men ingen er tekne.

Kvifor klarer ein ikkje å få ned talet?

– Jerven er vanskeleg å få has på. Innsatsen må intensiverast, så det må gjerast meir slik at lokale jaktlag kan jakte på mest mogleg gunstig tidspunkt. Vi må kome ned på kvoten om det skal vere leveleg for dei som har dyr på utmarksbeite.