Hopp til innhold

- For lite pengar til dyrevern

- Dei lokale dyrevernsnemndene får for lite pengar til å føre tilsyn på gardane, meiner leiar i Indre Sogn dyrevernsnemnd, Odd John Bugge.

Kuer og sauer.
Foto: Berit Keilen / Scanpix

I går vart ein mann frå indre Sogn dømd til 40 dagar i fengsel for vanstell av husdyra sine.

Odd John Bugge er fortvila over situasjonen.

- Vi føler at vi ikkje klarer å gjere jobben vår skikkeleg fordi vi har ansvar for eit så stort område, samstundes som vi har for lite pengar. Vi kunne ønskt oss litt meir faste rutineinspeksjonar, seier Bugge. 

- For store distrikt

Den lokale dyrevernsnemnda i indre Sogn gjennomfører årleg inspeksjonar på mellom 80 og 90 gardar. Men Bugge meiner dette er for lite når dei har ansvaret for tilsyn i åtte kommunar.  

- Det er jo litt seigt å høyre i media at vi ikkje følgjer opp, men vi gjer det vi kan utifrå budsjettet, og vel så det.  

I går vart ein mann frå Luster kommune dømd til 40 dagar i fengsel for brot på dyrevernlova. Mannen vart også frådømd retten til halde dyr dei neste fem åra. Bakgrunnen var at han let 150 sauer døy i mars i fjor. Då hadde dei vore utan fôr og vatn i lang tid. Bugge trur slike tilfelle er vanskeleg å unngå, men meiner nemndene med meir pengar uansett kunne ha avdekka fleire andre saker. 

- Distrikta er vorte veldig store og budsjettet er redusert, slik at vanlege rutineinspeksjonar som vi dreiv før er redusert ganske mykje. 

Kan ikkje love pengar

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Erling Sande, vil no sjå på kva som kan gjerast for hindre alvorlege brot på dyrevernlova. Ifølgje han kan eit av alternativa vere at nemndene oppererer i mindre distrikt. Men pengar kan han ikkje garantere. 

- Det vil alltid vere slik at Mattilsynet som har ansvaret for desse kontrollane får ein pott med pengar, og så må dei utifrå det fordele desse kontrollane på ein måte som er fornuftig.