Hopp til innhold

- For dårleg av Helse Vest

Det meiner Jan Hoel i Språkrådet. Han reagerer på at Helse Vest ikkje let dei tilsette velje målform på datamaskinane sjølve.

Helse Vest

Hoel er rådgjevar i Språkrådet, og er ikkje nøgd med at 14 000 datamaskinar i Helse Vest har menyar på bokmål. Han meiner tilsette må få tilgang til menyar på nynorsk om dei ønskjer det.

Ordliste er nok

Administrerande direktør i Helse Vest IKT, Erik M. Hansen, sa til NRK sist veke at han meiner dei dekkjer det viktigaste behovet, sidan tilsette har tilgang til ordliste på nynorsk i Word.

Hoel er ikkje einig.

- Nynorsk ordliste som argument for å ikkje innstallere menyar på nynorsk er ikkje god. Ordlistene var der frå før, og det er ein litt annan diskusjon.

Tilsette må få tilgang

Hansen i Helse Vest IKT meinte det ville påføra dei ekstrakostnadar- og arbeid om dei opna for ein nynorskversjon. Hoel i Språkrådet seier dette meirarbeidet ikkje er avskrekkande.

- Nokon må gjere eit lite arbeid for å lasta ned det nynorske språktillegget, altså det språket som møter brukaren i menyar og meldingar som programmet gjev, seier Hoel.

Noregs Mållag, Språkrådet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar var med på å kjempe fram nynorskversjonen som kom i 2003.

- Når fyrst moglegheita for å få menyar på nynorsk er til stades, må tilsette få tilgang til språktillegget, seier Hoel.