Hopp til innhold

- Følg krava eller steng bedrifta

- Eras Metall må klare utsleppkrava sine, elles så er det kroken på døra, seier ordførar i Høyanger, Kjartan Longva.

Eras Metall i Høyanger.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I februar i år stengde Eras dørene etter at verksemda kan ha slept ut 50 gonger så mykje kvikksølv som dei hadde lov til.

Forstår naboane

Longva seier han forstår godt naboane som er urolege.

- Det er klart at folk blir redde når utsleppsløyvet er 1 kilo, og det er 55 kilo som blir sleppt ut. Eras må ordne opp i dette for å få igjen tilliten.

- Er du einig i at leiinga har vore for usynleg i denne saka?

- Ja, det kan du seie. Kommunen har ingen tilsynsrett slik lovverket er. Det er det forureiningstilsynet som har, og kommunane har ingenting dei skal ha sagt.

Trur dei klarar det

Men Longva har framleis tillit til bedrifta og trur at dei på sikt vil få orden i problema.

- For får dei ikkje skikk på dette, så er det ikkje noko som heiter Eras Metall lenger.