Hopp til innhold

- Finanskrisa er ikkje over

Sparebanken Sogn og Fjordane må tapsføra 48 millionar kroner i september.

– Finanskrisa er ikkje over i eksportfylket, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs, til Sogn Avis .

Midt i krisa i fjordfylket

Rynkene i panna på banksjefen skuldast først og fremst situasjonen for eksportbedriftene som lever av å selje tenester og varer til utlandet. Mens toppsjefen i DnBNOR og sentralbanksjefen meir eller mindre har avlyst finanskrisa, meiner Andenæs at Sogn og Fjordane er midt oppe i den etter Fundo-konkursen og sviktande marknad for dei store industribedriftene i fylket.

– Når verfta, metallverka og hotella har vanskelege tider, går det også ut over mange underleverandørar rundt i fylket. I tillegg er kjøpekrafta langt svakare i våre naboland grunna høg arbeidsløyse og usikre framtidsutsikter. Dette merkast hos dei som også har satsa på ein nordisk og europeisk marknad. , seier Andenæs.

Store tap

Dette syner igjen på resultatet til Sparebanken Sogn og Fjordane for tredje kvartal. Det endar på 104 millionar kroner før skatt og er prega av mellom anna store tap i torskeoppdrett. Så langt i år har også utlåna til næringslivet gått ned med vel 2 prosent, mens utlåna til privatkundane har auka med 7 prosent.

– Økonomien til folk flest er betre enn nokon gong. Det merkar vi på solid vekst i innskot og god etterspørsel etter huslån. Trass i finanskrise får avdelinga vår for eigedomsmekling eit rekordår med stor omsetnad av bustadar. Særs låg rente og god lønsutvikling er mykje av forklaringa, seier Andenæs i ei pressemelding frå banken.