Men ambulansesjef Terje Olav Øen i Helse Førde meiner det i dette tilfellet hadde vore betre å kalle ut brannvernet på Sande.
- Brannvesenet på Sande har meir røykdykkarutstyr slik at dei var meir egna for å kunne gå inn i området. Brannvesenet i Vadheim er flinke folk, men dei har ikkje så godt utstyr, seier Øen.
Sjåføren måtte vente i vraket
Vogntoget med aluminiumsslagg frå Sunndalsøra på veg til Karmøy hamna i elva ein halv kilometer frå Vadheim sentrum. Det gjekk tre kvarter før den skadde sjåføren Geir Storholt kom seg ut av vraket, og då måtte han karre seg opp den bratte skråninga ved eiga hjelp.
(Sjå Skadd sjåfør måtte berge seg sjølv .)
For hjelpemannskapet torde ikkje nærme seg bilen utan godt nok verneutstyr. Sidan ulukka skjedde nær Vadheim, var det brannvernet der som vart kalla ut.
Mjuke opp grensene
No meiner ambulansesjef Øen at det hadde vore betre om brannvernet frå Sande hadde vore på staden. Han presiserer at dette ikkje inneber nokon kritikk mot brannvernet i Vadheim. Men når det finst betre utstyrt brannvern berre få kilometer unna, burde det vere naturleg å kalla ut dette mannskapet, meiner han.
– Tida er inne for å løyse opp på dei fasttømra grensene for kven som rykkjer ut, seier Øen.