NRK Meny
Normal

- Eras kan få starte opp att

Formannskapet i Høyanger meiner Eras Metal kan få starte opp att drifta 6. april.

Eras Metal

Eras Metal i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Føresetnaden er at verksemda til ei kvar tid kan dokumentere at drifta er forsvarleg og held seg innan utsleppsløyvet.

Eras vart stengt på dagen då SFT oppdaga at verksemda kan ha slept ut så mykje som 50 gonger meir kvikksølv enn det dei hadde løyve til. No har dei fått eit reinseanlegg, og vil starte opp att.

Det vakte stor uro blant innbyggjarane i etterkant av utsleppet og det vart halde folkemøte om situasjonen. Mange frykta dei helsemessige følgjene av både dette og tidlegare utslepp.

Det er Statens Forureiningstilsyn som avgjer om Eras får starte opp att, eller ikkje.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå