Dei skadde vart raskt frakta til sjukehus. NRK arkiv
Rinde forklarte seg tysdag i Oslo tingrett om kva han opplevde den fryktelege dagen på veg heim frå jobben som forskalingssnikkar.
- Eg såg at han kom. Men så vart han ståande innanfor dørene. Det gjekk ei stund før han sette seg ned på høgre side. Der sat han til stoppestaden ved Dalsbergstien.
Fleire knivstikk
Då reiste han seg opp, og gjekk eit steg tilbake, fortalte 56-åringen. Han såg at knivmannen stakk to personar medan han gjekk bakover i trikken. Til slutt sto dei ansikt til ansikt med kvarandre.
Eg sa: - Gi no faen.
Han svarte: - "I will kill you" (eg vil drepe deg), fortalte Rinde i retten i dag.
Rinde har store arr etter knivstikkinga. NRK arkiv
Sogningen fekk fleire knivstikk i sida, men kjende ikkje smerte.
- Eg kjende ikkje at han stakk, berre at eg vart så rar i kroppen. Eg såg tarmane mine henge ned. Så fekk eg hjelp utanfor trikken til å legge meg ned. Det var nokre forferdelege sekund og minutt, og eg trudde eg skulle døy, fortalte Rinde til retten.
Sterkt prega
Med eit stort blodtap vart han teken til Ullevål universitetssjukehus. Berre 15 minutt etter at han var blitt stukken, låg han på operasjonsbordet.
Rinde låg i koma i fem dagar før han vakna. Etter hendinga slit han både fysisk og psykisk - frå å vere ein kald og roleg person, som han sa, er han no var, skvetten og redd. Han krev no oppreising og erstatning blant anna for tapt arbeidsforteneste.
Nektar straffskuld
Norsksomaliaren hugsar ingenting av det som skjedde då han drap ein mann og skadde fem andre personar alvorleg inne på trikken 3. august i fjor. Difor erklærte han ikkje straffskuld då rettssaka starta mot han onsdag.
NTB / Jostein Nyfløtt